tirsdag 16. februar 2010

Videokommentar


Den 11. februar fekk vi i oppgåve å finne eit youtubeklipp på nederlandsk, islandsk, italiensk, tysk eller portugisisk og skrive kva vi forstod.

Dette er ei scene frå den namngjetne serien South Park omsatt frå engelsk til tysk, South Park blei opphavleg laga av Matt Stone og Trey Parker.

Serien handlar om niåringane Eric Cartman, Kyle Broflovski, Stan Marsh og Kenny McCormick som bur i ein liten by som heiter South Park (trur eg).

I klippet snakkar de veldig fort, noko som gjer det ekstra vanskelig å forstå kva dei seier.

Frå 0:00 – 0:02 trur eg han seier ”Ich kann diese Klasse nicht Mr Garrison” noko eg trur betyr ”eg klarar ikkje denne klassen Mr Garrison”.
Frå 0:02 – 0:23 forstod eg ikkje så mykje bortset frå ”jude” som eg trur betyr jøde.
Frå 0:23-0:26 trur eg han seier ”was sagst du?” noko eg trur betyr ”Kva sa du?”.

Grunnen til at eg forstod desse setningane er fordi utalen var nokso lik den engelske/norske.

Filmprosjekt

Tirsdag 26.Januar - Torsdag 28. Januar
I dag har vi drevet med litt filmredigering.

Torsdag 28. Januar
I dag gjorde vi oss ferdig med filmen.